Temamøte: Digitalt ledsagerbevis
14 oktober 2026 12.00 - 13.00
DigiVestland og KS Digital inviterer til webinar: Nye moglegheiter i digitalt ledsagerbevis.
Målgruppe: kommunar som tilbyr ledsagerbevis og dessutan leiarar, saksbehandlarar og andre med interesse for løysinga.
DigiVestland og KS Digital inviterer til webinar der vi viser den siste utviklinga i løysinga for KS Digitalt ledsagerbevis.
Løysinga er nå utvida med eit felles nasjonalt søknadsskjema og ei felles saksbehandlingsløysing. Dette gjer det mogleg å handtera heile prosessen, frå søknad til vedtak og utferding av ledsagerbevis, i éi samla løysing.
I webinaret går vi gjennom korleis den nye funksjonaliteten fungerer i praksis, kva han tyder for kommunane, og korleis løysinga kan takast i bruk.
Det blir òg høve til å stilla spørsmål og koma med innspel.
Velkomen!