Påmelding til felles innføringsløp for e-helseløysingar

23 september 2022

Felles innføringar startar allereie denne hausten for dei kommunane som ynskjer å delta. Meld din kommune på før 23. september

Publisert : 13.09.2022

Kjernejournal, Digihelse og Digihelsestasjon er nasjonale e-helseløysningar som det gjennom Felles plan og rammeverk er satt eit mål om at alle kommunar skal ta i bruk innan 2025. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysningane samarbeider DigiVestland, Digi Rogaland og KS e-Komp om eit felles innføringsløp for kommunar i Vestland og Rogaland. Felles innføringar startar allereie denne hausten for dei kommunane som ynskjer å delta. Det er planlagt eit innføringsløp for kvar løysning.

I veke 36 vart det gjennomført informasjonsmøter med informasjon om kvar løysning, delt erfaringar frå kommunar som brukar løysninga i dag, og informert om plan for innføringsløp. 

Dersom din kommune ynskjer å delta på eit eller fleire av dei felles innføringsløpa kan påmelding gjerast via Digivestland sine nettsider.

Frist for påmelding er satt til 23. september.