Infomasjonsmøter om e-helseløysingar

I september blir det arrangert fleire informasjonsmøte om felles innføring av Kjernejournal, Digihelsestasjon og Digihelse

Publisert : 02.09.2022

Kjernejournal, Digihelse og Digihelsestasjon er nasjonale e-helseløysningar som det gjennom Felles plan og rammeverk er satt eit mål om at alle kommunar skal ta i bruk innan 2025. Som eit verkemiddel for å få fleire kommunar til å ta i bruk løysningane samarbeider DigiVestland, Digi Rogaland og KS e-Komp om felles innføringsløp for kommunar i Vestland og Rogaland.

Felles innføringar startar allereie denne hausten for dei kommunane som ynskjer å delta. Eit innføringsløp for kvar løysning som vil gå uavhengig av kvarandre.

I den anledning inviterer vi til informasjonsmøter kor det vil gis meir informasjon om kvar løysning, erfaringar frå kommunar som brukar løysninga i dag, informasjon om påmelding til innføringsløp, korleis kome i gang og plan for innføring hausten 2022. Det er satt opp to (identiske) informasjonsmøter per løysning, slik at du kan velje når på dagen det passar deg best.

Kjernejournal:            Måndag 5.september kl. 10.00-11.00 og 14.00-15.00

Digihelse:                   Tirsdag 6. september kl. 10.00-11.00 og 14.00-15.00

Digihelsestasjon:       Onsdag 7. september kl. 10.00-11.00 og 14.00-15.00

Alle kommunar i Vestland og Rogaland som ikkje har teke i bruk løysningane, oppfordres til å delta. Kvar kommune kan stille med fleire deltakarar på informasjonsmøta, så videresend gjerne i din kommune. Deltakelse på møta forpliktar ikkje, det vil komme endeleg påmelding til sjølve innføringsløpa i etterkant av informasjonsmøta.

Ynskjer din kommune å delta på felles innføring for ein eller fleire av løysningane, men har ikkje anledning til det i haust? Basert på behov, vil det vurderast nye innføringsløp til våren.

Meld deg på via dette formskjemaet

Når du melder deg på via linken får du automatisk en invitasjon til informasjonsmøtet.